[posted and mailed]
Kom tilfeldigvis over denne oversikta over nynorskformer i OpenOffice.org "http://i18n.skulelinux.no/nn/sprakval.txt".
Er det greitt at me heller flyttar denne over til språknormalavsnittet i retningslinjene "http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html%22?
Elles er det nokre variantar eg lurer på om me kan bli einige om:
mislykka/mislukka kjør/køyr hør/høyr beskriving/skildring
Eg har brukt førsteformene.
Onsdag 14. april 2004 20:16 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Elles er det nokre variantar eg lurer på om me kan bli einige om:
mislykka/mislukka kjør/køyr hør/høyr beskriving/skildring
Eg har brukt førsteformene.
Eg har konsekvent brukt dei andre formene. Eg synes det både høyres og ser best ut.
Håvard
On Wed, 2004-04-14 at 20:34 +0200, Håvard Korsvoll wrote:
Onsdag 14. april 2004 20:16 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Elles er det nokre variantar eg lurer på om me kan bli einige om:
mislykka/mislukka kjør/køyr hør/høyr beskriving/skildring
Eg har brukt førsteformene.
Eg har konsekvent brukt dei andre formene. Eg synes det både høyres og ser best ut.
ja, eg synest definitivt ikkje «kjør» er "kompatibelt" med a-infinitiv.
(Er det noko gale med lister.ping.uio.no for tida? Eg får berre innlegga mine i retur ...)
Torsdag 15. april 2004 23:00 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ja, eg synest definitivt ikkje «kjør» er "kompatibelt" med a-infinitiv.
Det er eg heilt ueinig i, men eg føretrekk no «køyr» likevel.
Elles er lista på http://i18n.skulelinux.no/nn/sprakval.txt litt meir bokmålsnær enn kva eg eigentleg føretrekk. Lista vart laga fordi dei som i byrjinga betalte for nynorskomsetjinga var «livredde» for konservativ nynorsk. Etter kvart som eg omsette, skreiv eg difor opp ord i denne lista.
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje», men elles er lista grei nok for min del, trur eg. Det kan vera nyttig å gjera henne til ei fellesliste.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200404191143.30329.gaute@verdsveven.com:
Torsdag 15. april 2004 23:00 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ja, eg synest definitivt ikkje «kjør» er "kompatibelt" med a-infinitiv.
Det er eg heilt ueinig i, men eg føretrekk no «køyr» likevel.
Elles er lista på http://i18n.skulelinux.no/nn/sprakval.txt litt meir bokmålsnær enn kva eg eigentleg føretrekk.
Eg er ikkje heilt einig med alle formene heller, men synest det meste er OK. Her er dei formene eg mindre begeistra for:
(besøkje, ikkje vitje) gi, ikkje gje oppførsel, ikkje åtferd svært, ikkje særs vi, ikkje me
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje»,
Og «handsama» er vel det ordet som blir *brukt* i administrativ nynorsk? (Eg har vakse opp med kommunestyremøte på lokalradioen. ;)
Elles føretrekk eg «bli» framfor «verta», men «vart» i fortid («vart» er offisiell preteritumform av «å bli»).
Onsdag 21. april 2004 20:52 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg er ikkje heilt einig med alle formene heller, men synest det meste er OK. Her er dei formene eg mindre begeistra for:
(besøkje, ikkje vitje) gi, ikkje gje oppførsel, ikkje åtferd svært, ikkje særs vi, ikkje me
Ikkje meg imot. (På skulen får vel elevane framleis karakter i orden og *åtferd*?)
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje»,
Og «handsama» er vel det ordet som blir *brukt* i administrativ nynorsk? (Eg har vakse opp med kommunestyremøte på lokalradioen. ;)
Javisst, og «teksthandsaming» er visst ikkje heilt uvanleg det, heller. Dette er faktisk eitt av dei få tilfella der me har fått fleire tilbakemeldingar på at me har lagt oss for nært bokmål. :)
(«vart» er offisiell preteritumform av «å bli»).
Det var eg ikkje klar over.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200404191143.30329.gaute@verdsveven.com:
Det kan vera nyttig å gjera henne til ei fellesliste.
Eg har til iallfall dei fleste orda til felleslista.