Brage Førland brage@zoo.uib.no skreiv i innlegget news:20030712122041.A82422@sisyfos.zoo.uib.no:
Eg meiner substantivet «check constraint». Dvs. ei avgrensing/skranke som sjekker ein verdi mot eit bolsk utrykk, td. om ein numerisk verdi er innanfor eit intervall.
Oversjå e-posten eg sendte tidligare. No ser eg kva dette er. Ein «check constraint» er rett og slett det som heiter «valideringsregel» i MS Access. Denne sjekker at verdien oppfyller visse (gjerne avanserte) krav *etter* inntasting, i motsetning til ei «inndatamaske», som avgrensar verdien *under* innskriving (slik at ein berre kan skriva eks. fire siffer, og ikkje bokstavar eller andre teikn, under inntasting av postnummer).
Eg synest «valideringsregel» er eit utmerka ord å bruka for «check constraint».
Forresten ser eg no at «sequence», viss eg har forstått det rett, er det som kallast «autonummer» i Access. Både «teljar» og «autonummer» er vel OK?