-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Knut Yrvin skreiv, den 11. aug. 2009 22:29:
Forrige gang de svarte, ville de fortsatt bruke Rosetta, selv om verktøyet er vanskelig å bruke i følge forsker Lars Risan. Men vi kan jo invitere Ubuntu-oversettere til Skolelinux-samlinger, slik at alle drar nytte av de oversettelsene som gjøres :) Å lære seg Kbabel går på 15-20 minutter ...
Det kan nevnast at å få ekstern omsetjing inn i Rosetta er ein treig og tungvint prosess, som krev at ein lastar opp ei fil og ventar på at ein systemadministrator trykkjer på ein knapp ein stad i kulissane. Vesentleg treigare enn å få ut Rosetta sine omsetjingar av eit program frå Rosetta (som også er unødvendig tungvint.)
Eg har ikkje vore særleg aktiv dei siste åra, men har prøvd å ta litt i Rosetta. Eg er ikkje imponert. Det er til dels vanskeleg å finna fram til pakken du vil ha, det går tregt å bla gjennom, og det er ikkje mogleg å søka gjennom alle pakkane etter ein streng, noko som gjer det vanskeleg å retta feil. (Det var lenge ikkje mogleg å søka etter strengar i det heile, noko som gjorde feilretting i praksis umogleg.)
- -- Åsmund Skjæveland