Karl Ove Hufthammer skreiv 29. nov. 2015 11:12:
Planen vidare er å gjera ferdig mappa «applications», som inneheld «grunnprogramma» i KDE, for eksempel Dolphin, Konsole og Kate. Det er litt over 4 000 tekstar, der 60 % er omsett frå før.
Og der var den ferdig til jul! :)
Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ av desse er alt omsett.
Apropos omsetting av spel kan eg nemna at SuperTux no er ute i ein ny versjon. Dette er den første offisielle utgjevinga på over ti år! Og denne versjonen har ein eigen julemodus, så han passar spesielt bra å spela no.
Eg har omsett spelet til nynorsk og bokmål. Dette gjeld òg mange av dei ekstra brettsamlingane ein kan lasta ned (og planen er å omsetta *alle* desse). Last ned spelet for Linux, Mac eller Windows frå https://github.com/SuperTux/supertux/releases/tag/v0.4.0