Hei!
Det er lenge sidan siste statusoppdatering for nynorskomsettinga av KDE her på lista (om det då nokon gong har vore ei slik statusoppdatering). Så her kjem ei:
Kort sagt er KDE på nynorsk no i mykje betre stand enn på *mange* år. Eg er *endeleg* (i kveld!) ferdig¹ med omsettinga av det som vert kalla «kde-workspace», som enkelt sagt er sjølve KDE-brukargrensesnittet (inkludert ein del småprogram og systeminnstillingar). Det er her snakk om 345 omsettingsfiler, med til saman 16 651 tekstar av varierande lengd (68 299 ord på engelsk). I tillegg er eg ferdig med «kde-runtime» (stort sett meir av det same) – 71 filer og 3 021 tekstar.
Det gjenstår litt i «frameworks» (cirka 11 tusen av 13 tusen tekstar er omsette), men det som gjenstår er stort sett lite synleg og derfor lågt prioritert (eks. hundrevis av tekstar for uvanlege måleiningar, av typen «ounce per cubic inch»).
Planen vidare er å halda fram med omsettinga av KDE og KDE-programma, der eg prioriterer dei mest «synlege» tekstane.
¹ Dvs. med unntak av ei handfull med namn på byar i verda, som ser ut til å vera obskure nok til ikkje å ha offisielle nynorsknamn enno.
Den 10. nov. 2015 21:14, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Det er lenge sidan siste statusoppdatering for nynorskomsettinga av KDE her på lista (om det då nokon gong har vore ei slik statusoppdatering). Så her kjem ei:
Og det er på tide med ei ny statusoppdatering. Det største nye sidan sist er at eg no er ferdig med «qt»-mappa (cirka 2 000 tekstar og 10 000 ord). Dette er tekstar knytte til Qt-biblioteket, og kan dukka opp fleire plassar i KDE. Stikkord er lyd, video, kryptering, tastatur, skriftsystem og XML-teknologi. Men forhåpentlegvis er det få som får sjå omsettinga; brorparten av tekstane er nemleg (til dels svært tekniske) feilmeldingar, for alt mogleg som kan gå galt.
Eg har også finpussa litt på tekstar som har dukka opp ved dagleg KDE-bruk.
Planen vidare er å gjera ferdig mappa «applications», som inneheld «grunnprogramma» i KDE, for eksempel Dolphin, Konsole og Kate. Det er litt over 4 000 tekstar, der 60 % er omsett frå før.
Og som vanleg tar eg gjerne imot tips om omsettingar som kan forbetrast.
Eg har lenge tenkt på å gjera dette, så no får det omsider koma: Me nynorskingar skuldar ein stor takk til Karl Ove for godt omsetjingsarbeid gjennom mange år. Her bør det vanke ein målblome eller to, men til så lenge vil eg i alle fall dele ut Eivinds fortenestmedalje i gull til Hr. Hufthammer. Tusen takk for flott arbeid! Helsing Eivind
Den søndag, 29. november 2015 11.12 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Den 10. nov. 2015 21:14, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Det er lenge sidan siste statusoppdatering for nynorskomsettinga av KDE her på lista (om det då nokon gong har vore ei slik statusoppdatering). Så her kjem ei:
Og det er på tide med ei ny statusoppdatering. Det største nye sidan sist er at eg no er ferdig med «qt»-mappa (cirka 2 000 tekstar og 10 000 ord). Dette er tekstar knytte til Qt-biblioteket, og kan dukka opp fleire plassar i KDE. Stikkord er lyd, video, kryptering, tastatur, skriftsystem og XML-teknologi. Men forhåpentlegvis er det få som får sjå omsettinga; brorparten av tekstane er nemleg (til dels svært tekniske) feilmeldingar, for alt mogleg som kan gå galt.
Eg har også finpussa litt på tekstar som har dukka opp ved dagleg KDE-bruk.
Planen vidare er å gjera ferdig mappa «applications», som inneheld «grunnprogramma» i KDE, for eksempel Dolphin, Konsole og Kate. Det er litt over 4 000 tekstar, der 60 % er omsett frå før.
Og som vanleg tar eg gjerne imot tips om omsettingar som kan forbetrast.
Den 9. desember 2015 12:25 skreiv Eivind:
Eg har lenge tenkt på å gjera dette, så no får det omsider koma: Me nynorskingar skuldar ein stor takk til Karl Ove for godt omsetjingsarbeid gjennom mange år. Her bør det vanke ein målblome eller to, men til så lenge vil eg i alle fall dele ut Eivinds fortenestmedalje i gull til Hr. Hufthammer. Tusen takk for flott arbeid!
Tusen takk for det! Eg synest det er veldig gjævt å få Eivinds (virtuelle) fortenstmedalje i gull! :)
Og eg lovar at eg skal halda fram med omsetting av fri programvare til nynorsk i åra som kjem.
Karl Ove Hufthammer skreiv 29. nov. 2015 11:12:
Planen vidare er å gjera ferdig mappa «applications», som inneheld «grunnprogramma» i KDE, for eksempel Dolphin, Konsole og Kate. Det er litt over 4 000 tekstar, der 60 % er omsett frå før.
Og der var den ferdig til jul! :)
Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ av desse er alt omsett.
Apropos omsetting av spel kan eg nemna at SuperTux no er ute i ein ny versjon. Dette er den første offisielle utgjevinga på over ti år! Og denne versjonen har ein eigen julemodus, så han passar spesielt bra å spela no.
Eg har omsett spelet til nynorsk og bokmål. Dette gjeld òg mange av dei ekstra brettsamlingane ein kan lasta ned (og planen er å omsetta *alle* desse). Last ned spelet for Linux, Mac eller Windows frå https://github.com/SuperTux/supertux/releases/tag/v0.4.0
Karl Ove Hufthammer skreiv 22. des. 2015 14:45:
Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ av desse er alt omsett.
Og no er eg ferdig med «kdegames». Det vil seia, alle spela og tilhøyrande bibliotek er omsette (100 filer) med unntak av to, som berre er (og forblir) *delvis* omsette.
Det eine unntaket er Kajongg, som er eit mahjong-spel. Reglane og terminologien er litt komplisert, og eg må setja meg inn i desse for å kunna gje ei fullgod omsetjing. Det prioriterer eg førebels ned. Men dei mest synlege tekstane i spelet *er* omsette. Merk at Kajonng er spelet for *fire* spelarar. Dei to mahjong-liknande éinspelarspela/kabalane KMahjongg og Shisen-Sho har eg omsett 100 %. Begge er fine spel.
Det andre unntaket er KGoldrunner. Her er det *lange* skildringar med hint for dei fleste bretta (typisk fleire avsnitt med tekst for kvart brett). Eg *har* omsett alle tekstane for opplæringsbretta og fleire av dei andre (og meir utfordrande) brettsamlingane, men ikkje for dei nyaste bretta. Grunnen er at det tar ganske mykje tid å omsetta kvar hintskildring, då eg må spela brettet for å vera sikker på omsettinga vert god. Likevel er om lag 80 % av tekstane i spelet omsett, deriblant alle tekstane i brukargrensesnittet (menyar, innstillingsvindauge og sånt). Dei resterande tekstane er lågt prioriterte.
Men viss nokon kjem og seier at dei har spelt gjennom alle bretta som *er* omsette til nynorsk (på nynorsk), og ønskjer fleire, vil eg nok prioritera dette høgt igjen. :) Så det er berre å ta utfordringa. KGoldrunner er forresten eit ganske bra spel, og verdt å sjå nærare på, spesielt om de har spelt Lode Runner i «gamle dagar».
Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me program som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, som er det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen (arvtakaren til KSnapshot).
Karl Ove Hufthammer skreiv 17. jan. 2016 15:12:
Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me program som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, som er det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen (arvtakaren til KSnapshot).
Og no er «kdegraphics» også ferdig. Neste prosjekt er å omsetta modulen «kdeedu». Som namnet tilseier, er dette ulike læringsverktøy. Nokon er av typen «leik-og-lær», og andre er meir vanlege nytteprogram, for eksempel for plotting av matematiske funksjonar.
Her er det totalt 26 936 tekstar, der om lag 66 % er omsett frå før. Planen er å omsetta alle programma utanom KStars. Samtidig vil eg nok veksla litt mellom å omsetta på «kdeedu» og på programmet digiKam, som me finna i modulen «extragear-graphics», og som også vil vera kjekt å ha på nynorsk.