On Mon, 20 Sep 2021, Kjetil Torgrim Homme wrote:
On Sun, 2021-09-19 at 18:02 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Tja, funksjonen kan saktens brukast til å stoppa avspelinga av *vilkårlege* grunnar, så slik sett er «innsovingsfunksjon», «sleep timer» o.l. eit for snevert ord. Men dei fleste orda har vel anten ei for snever eller ei for utvida tyding dersom me skal ta dei heilt bokstavleg. Ein treng ikkje berre kladda i ei kladdebok, ein kan òg suga opp brødsmular, ikkje berre støv, med ein støvsugar, og ein kan bruka eit vekkjarur til meir enn vekking, for eksempel til påminning om noko sjølv om ein er vaken, eller rett og slett til å sjå kva klokka er. Og i praksis er vel *primærfunksjonen* til «sleep timer» ein innsovingsfunksjon.
Men «spelestopp» er eit alternativ. Eg fann òg «autostopp» brukt i ein artikkel på nettet. Det er litt meir presist. (Spelestopp har ein jo rett som det er; det er det at stoppinga er *automatisk*, som er det sentrale.)
Eg held likevel ein knapp på «innsovingsfunksjon». Det er veldig lett å forstå og er nært knytt til den engelske termen (som ikkje *alltid* er ein fordel, men her synest eg det er det).
eg støttar resonnementet og konklusjonen.
Samme her. Og jeg ville ikke ha skjønt ordet "spillestopp", som høres ut som en vanlig av-knapp.