On Thu, 2015-07-30 at 16:06 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
For styrespakene og styrekorset kan en legge til eventuell retning *etter* knappnavnet, eks. «Dpad Left» = «styrekors venstre» og «Right Thumb Down» = «høyre styrespak ned» (merk små bokstaver).
her reknar eg med at du snakkar om retninga ned, og ikkje den "knappen" på Playstation som ein kallar R3, der ein trykkjer spaken *inn*. forresten, er ikkje "styrekors mot venstre" betre? og kanskje "høgre styrespak nedover" vil skilje det tydelegare frå "styrespak inn/ned" (R3).
synest "styrespak" er unødig tungt, "spak" er like bra. men ein kan godt veksle, på same måte som ein vekslar mellom "joystick" og "stick" på engelsk.