Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 22:16:
Var ikkje klar over at i18n-no-lister-arkivet framleis er tilgjengeleg. Sikkert eg som ikkje har følgd godt nok med. Takk for opplysninga.
Det er ikkje noko *offisielt* arkiv, men narkive.com har tydelegvis på eiga hand indeksert lista og har visst eit ganske komplett arkiv (som går 20 år tilbake i tid) tilgjengeleg på:
https://i18n-no.lister.ping.uio.narkive.com/
Tilsvarande arkiv for nynorsk-, bokmål- og sørsamisklistene er:
https://i18n-nn.lister.ping.uio.narkive.com/ https://i18n-nb.lister.ping.uio.narkive.com/ https://i18n-sme.lister.ping.uio.narkive.com/
Elles har eg eit komplett «offline»-arkiv som mbox-filer for listene. Planen var å laga eit nettarkiv av desse, men det har eg nedprioritert, så eg får nok ikkje gjort det før folk begynner å masa. :) Og behovet er kanskje ikkje så stort lenger, no når narkive.com har ei arkivløysing.