Onsdag 5. mars 2003 11:58 skreiv Åsmund Skjæveland:
«klikk» er fy ifølgje retningslinene.
Njaa, eg ville sagt at «klikk» er greitt viss og berre viss [1] det utelukkande er snakk om musebruk. «Klikk på OK» eller «Klikk på lenkja» er fy fordi det finst mange andre måtar å trykkja på knappar eller følgja lenkjer. «Klikk med venstre museknapp for å teikna ein grøn prikk» synest eg er heilt greitt i eit teikneprogram. Bør retningslinjene verta klarare, eller er det eg som er på jordet?
[1] Brå assosiasjon til Ottars mattetimar ...
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes