Kolbjørn Stuestøl skreiv 01.12.2022 18:50:
Har det engelske ordet "sparkline" noko norsk ekvivalent?
Eg tenkte først på «minidiagram» og ser no at det er nettopp det MS Office kallar det på norsk. Ser derfor ingen grunn til å kalla det noko anna.
Takkar så mykje. Då eg søkte på nettet, fann eg at Micrsoft brukte "sparkline". Må ha oversett eitt eller anna. Då endrar eg alle "sparkline" til «minidiagram» og avleiingar av dette.
Me har visst begge rett. I nynorskomsetjingane brukar Microsoft konsekvent «minidiagram», mens i bokmålsomsetjingane brukar dei anten «sparkline» eller «sparkline-grafikk». Gå for nynorskomsetjinga! :)