On Sat, 2018-07-14 at 12:23 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Thomas Gramstad skreiv 13. juni 2018 20:11:
Enig, vi må selv kunne velge listeadministratorer.
Når det gjelder NUUGs driftsgruppe, så er denne tildels overarbeidet idag, og kan trenge forsterkninger. Hvis NUUG tar en aktiv rolle i å fremme FriProg-oversetting så kan kanskje flere fra oversettermiljøet bli NUUG-medlemmer, og kanskje også noen kan forsterke driftsgruppa? Altså en win-win der NUUG både støtter med å avholde arrangementer og gi økonomiske bidrag til oversettermiljøet, og at nye NUUG-medlemmer fra oversettermiljøet kan engasjere seg også i driftsgruppa?
For å vera heilt ærleg, synest eg ikkje dette høyrest så forlokkande ut, iallfall slik det er skildra her. «Planen» er altså at omsettarmiljøet skal melda seg inn i NUUG (medlemsavgift 1 365 kronar per person per år) og i tillegg gjerne gå inn og forsterka driftsgruppa? Og dette er altså ei driftsgruppe som er så overarbeida(?) at dei ikkje har fått oppgradert Mailman-installasjonen sidan 2006. Og dette er ein Mailman-installasjon som har fleire kjende sikkerheitshòl (og som er eldre enn den versjonen me alt har for e-postlistene).
Om eg har misforstått ting, eller andre har andre synspunkt, er det berre å skrika ut. :)
eg vil berre igjen nemne at Redpill Linpro kan stille med ein VM pro bono, og eg melder meg frivilleg til å ha det daglege driftsansvaret for ein Mailman-installasjon for i18n-prosjektet.
"bussfaktoren" er slik at mine kollegaer vil ta tak i feilsituasjonar om eg er bortreist og offline (men ein kan ikkje forvente betre enn neste arbeidsdag som responstid). om eg skulle finne på å slutte i Redpill Linpro (ingen planar om det!), kan eg ikkje garantere at nokon kollega stiller opp som ny ansvarleg.