Er det endeleg vedteke at ordet "tab" skal omsetjast med «arkfane»? Eg meiner sjølv at «flik» er eit betre ord, sidan det såvidt eg kan skjøna er meint å vera ein parallell til slike skiljeark i ringpermar, der det er ein liten flik som stikk ut frå arkbunken. Ein «fane», for meg, er slikt spraglete tøystykke som er fremst i 17. mai-toget, tett følgd av flaggborg og orkester. Eg synest «arkfane» virkar som ein kunstig konstruksjon.