#Framlegg til menynamn i Brukargrensessnitt-menyen (byggjer på Karl Ove sitt framlegg og tankane mine nedanfor):
Original:
1. Contextual groups 2. Contextual Single 3. Tabbed 4. Tabbed Compact 5. Groupedbar 6. Groupedbar Compact
Framlegg:
1. Temaordna verktøy 2. Temaordna verktøylinje 3. Verktøyfaner 4. Verktøylinjefaner 5. Verktøygrupper 6. Verktøylinjegrupper
Alternativ:
1. Temagrupper 2. Temalinje 3. Fanegrupper 4. Fanelinje 5. Grupperte verktøy 6. Gruppert verktøylinje
#Grunngjeving og andre kommentarar:
* Ein av tankane mine ovanfor er å nytta 'verktøy' når det er snakk om 'groups'. Og 'verktøylinje' når det er snakk om 'enkel' eller 'kompakt' løysing.
Merknad: 'Contextual groups' og 'Tabbed' er av utsjånad litt like einannan: Den fyrste har 'fanetittelen' under 'verktøylista' medan 'Tabbed' har 'fanetittelen' over 'verktøylista. Rett nok femner den temaordna løysinga, for kvart tema, litt vidare enn kva kvar enkelt fane gjer. Når det på engelsk står 'contextual' så meiner dei etter mitt syn 'tematisk' her - for det er ikkje mykje 'dynamikk' i 'contextual groups'-valet, sjå nedanfor.
* **Noteblockbar vs "contextual groups"** - eit atterhald: Ikkje heilt klårt for meg i kva grad dette er meint som synonyme uttrykk, meir eller mindre? Er 'noteblockbar' eit fellesord for alle dei nye grupperte verktylinjevala? Det er om lag slik eg heretter kjem til å resonnera.
* **Noteblockbar**: Fyrst tenkte eg at 'notebook' var ein referanse til kontekstualiteten - at det var ein palett av verktøy til å notera med ... Men etter å ha sett litt på koss det ser ut, så er det gjerne sjølve utsjånaden - dei parallelle verktylistene - som, utsjånadmessig, minner om notatblokker/gule lappar attmed einannan? (Ikkje 'notisblokker', som det no står.)
* **Band**: Eg ser ikkje at dei nye kontekstuelle verktøysamlingane liknar på 'band'.
* **Liste**: Lister kan sjå ut på mange vis. Somme lister er også ordna horisontalt (utan at dette er eit viktig poeng for meg).
* **Lister**: Men kan henda er ei 'notebookbar' fleire parallelle (verkty)listER heller enn ei enkeltrad.
* **Dynamisk**: Eg synest ikkje verktylinja vert noko meir 'dynamisk' med dette valet. (Faktisk er det Faner-valet som framstår mest 'dynamisk'.). Eg ser heller ikkje nokon stor føremon i å velja 'dynamisk' framfor 'kontekst' eller 'kontekstuell'. Tvert i mot har 'kontektst' (som i kontekstmeny på Mac) ein kjend måte å fungera på, som ikkje er spesielt dynamisk men som tilpassar seg konteksten/samanhengen. (Eg nytta ein gong Samanhengsmeny.) Eg skal i staden slå nokre slag for 'tema(tisk)', sjå nedanfor.
* **Emnegrupper/Emne enkel**: <Kjepphest>Det er feil med 'emne'. Det heiter 'tema' eller 'tematisk'.</Kjepphest> Emne = materiell. Tema/Tematisk = kontekst = har med det materiellet/materialet som dukkar opp der du tilfeldigvis er/står. Mange blandar tema og emne.
* **Verktylinje**: Eg ser at LibreOffice nyttar 'verktøylinje' (og ikkje 'verktøyrad') i Vis-menyen. Dersom ein skal nytta 'rad' så bør/kan ein også vurdera å byta ut 'verktøylinje' med 'verktøyrad'.
* **Symbol**: I dag står det 'symbolstorleik' og 'ikonstil' t.d. i Vis-innstilingane. Kvifor ikkje heller knappestorleik og knappestil/knappeutsjånad?
Leif Halvard Silli
On 20 Jan 2019, at 17:47, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 15.01.2019 23:43:
Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker.
Eg ser namna på dei ulike utformingane òg er ganske rare på nynorsk (og engelsk):
*Engelsk*: Contextual groups Contextual Single Tabbed Tabbed Compact Groupedbar Groupedbar Compact
*Nynorsk*: Emnegrupper Emne enkel Faneark Kompakte faneark Gruppertlinje Gruppert kompakt
*Forslag*: Dynamisk – grupper Dynamisk – éi rad Faner – full Faner – éi rad Grupper – full Grupper – kompakt
Dette er berre eit kjapt og ikkje *veldig* gjennomtenkt forslag, så kom gjerne med betre namn.
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no