Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200407300037.20430.gaute@verdsveven.com:
I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
Til orientering held eg for tida på å forfatta eit lite dokument med forslag til standardisering av dei vanlegaste snarvegtastane (er det det det heiter då?) på norsk. Altso for eksempel:
&Fil &Ny &Opna Opna &som ... ...
Veldig mange av desse menyvala er felles for dei ulike programma, men er omsett med ulike snarvegtastar (til dels òg med ulike tekstomsettingar). Me bør klara å få konsekvens her, helst òg på tvers av målformene.
Eg kjem med ny melding seinare, når eg er ferdig med første- utkastet av dokumentet.