I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
KDE-omsetjarar kan særleg leggja merke til den nye lenkja til Dr. Klash som eg snubla over i kveld :)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes

Snarvegstastar

Du kan ofte bruka tastekombinasjonar til å hoppa direkte til menyar, knappar og andre element på skjermen: Alt + F opnar gjerne filmenyen, og Alt + O kan gje OK-knappen. Bokstaven du skal bruka er vist med strek under. Slike tastar kallar me snarvegstastar, sidan dei er ein slags snarveg til ulike stader i skjermbiletet.

Ideelt sett skal det ikkje finnast fleire snarvegstastar med den same bokstaven innanfor eitt skjermbilete. I praksis er det ofte vanskeleg å oppnå fordi skjermtekstane kan koma frå mange ulike stader i kjeldekoden. Her er nokre rettesnorer for korleis du kan velja bokstavar til snarvegstastane:

Vel helst «logiske» bokstavar. Den første bokstaven i det viktigaste ordet er ofte eit bra val: «Nytt vindauge»

Du kan ofte forutsjå konfliktar ved å prøva å tippa kva for programtekstar som vil opptre i det same skjermbiletet. Ofte står menyvala etter kvarandre i omsetjingsfila.

Unngå helst dei særnorske bokstavane æ, ø og å. Det er ikkje alle som har norsk tastatur.

Det er som sagt vanskeleg å unngå alle tastekonfliktar. Me har observert skjermbilete der nesten 40 element gjer krav på kvar sin snarvegstast. Korkje det engelske eller det norske alfabetet strekk til i slike tilfelle, og feilen bør rett og slett meldast til utviklarane av programmet.

Dr. Klash er eit kjekt verktøy som kan hjelpa deg med å finna tastekonfliktar i KDE-program. Du kan diverre berre bruka Dr. Klash i program som er ferdig omsette, men då kan du i det minste fiksa feilen til neste versjon.

On Fri, 2004-07-30 at 00:37, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
Dette koster betydelig arbeid, og er beheftet med feil. Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
Fredag 30. juli 2004 00:51 skreiv Herman Robak:

Jau, dersom ein var sikra at dei vanlegaste tastane var konsekvente, ville det vore ei god løysing. Ei liste med standardval for «Fil», «Opna», «Lagra», osv., og så automatikk på resten. Ein er kanskje redd for at det vil verta tregt, iallfall for ein del dynamiske skjermbilete som ikkje kan genererast på førehand?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
On Fri, 2004-07-30 at 00:56, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Fredag 30. juli 2004 00:51 skreiv Herman Robak:
Dette koster betydelig arbeid, og er beheftet med feil. Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
Jau, dersom ein var sikra at dei vanlegaste tastane var konsekvente, ville det vore ei god løysing. Ei liste med standardval for «Fil», «Opna», «Lagra», osv., og så automatikk på resten.
Har det vært fremmet forslag om dette?
Ein er kanskje redd for at det vil verta tregt, iallfall for ein del dynamiske skjermbilete som ikkje kan genererast på førehand?
Tja, det er ikke helt lett å sjekke alle kombinasjonene man kan få til i kontrollsenteret. Kunne man reservere taster for de faste delene, og tvinge modulene til å bare bruke «ledige» taster?
On Fri, 30 Jul 2004 00:51:56 +0200, Herman Robak herman@skolelinux.no wrote:
On Fri, 2004-07-30 at 00:37, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
Dette koster betydelig arbeid, og er beheftet med feil. Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
Nei, nei, nei!
Det er *mykje* betre at omsetjarane gjer arbeidet enn at ein skal la maskinene styra det. Det er ein del arbeid for omsetjarane å sjekka snarvegane når ein set om første gongen, men versjonane etterpå er lette å vedlikehalda.
Eit spørsmål i samband med auto-tildeing av snarvegar er om ein då òg vil kunna ta omsyn til OS- og språkspesifikke krav (norsk Windows: snarvegen V for Vis, mens Vindauge får snarvegen N og så bortetter). Det programmet eg arbeider mest med har dessverre gått over til auto-tildeling og resultatet er mindre kjekt for personar som nyttar tastatur då snarvegane ikkje lenger samsvarer med Windows-standarden (de facto).
Med helsing Y J Landro
Y J Landro postlister@fastmail.fm skreiv i innlegget news:opsbw9oddmod9r59@c400.olius11:
Dette koster betydelig arbeid, og er beheftet med feil. Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
Nei, nei, nei!
Samd!
On Fri, 2004-07-30 at 00:51 +0200, Herman Robak wrote:
Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
nei, det er katastrofalt om snarvegstastane kan endre seg spontant når ein oppgraderer programmet.
Fredag 30. juli 2004 01:29 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
nei, det er katastrofalt om snarvegstastane kan endre seg spontant når ein oppgraderer programmet.
Fint som prinsipp, men i praksis krev det altfor mykje arbeid å halda tastane konsekvente. Omsetjaren må nesten vera fri til å la kabalen gå seg til etter kvart. Faste bokstavar på standardfunksjonane og halvintelligent automatikk på resten ville vore mykje betre enn dagens situasjon både for omsetjarar og brukarar.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200407301459.59238.gaute@verdsveven.com:
Faste bokstavar på standardfunksjonane og halvintelligent automatikk på resten ville vore mykje betre enn dagens situasjon både for omsetjarar og brukarar.
Det er då ikkje so mykje arbeid å sjå til at snarvegtastane er brukbare? Eg synest den noverande situasjon er heilt akseptabel, og gjev dei beste snarvegane.
For øvrig kan Dr. Klash settast opp til ommøblera snarvegtastane heilt automatisk om ein måtte ønskja.
Forresten, når det gjeld æ, ø og å, so skriv du at «[d]et er ikkje alle som har norsk tastatur». Men er ikkje òg situasjonen slik at desse ikkje alltid fungerer? Eg har iallfall opplevd dette med KDE. (Er på Windows akkurat no, og kan ikkje sjekka.)
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200407300037.20430.gaute@verdsveven.com:
I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
Til orientering held eg for tida på å forfatta eit lite dokument med forslag til standardisering av dei vanlegaste snarvegtastane (er det det det heiter då?) på norsk. Altso for eksempel:
&Fil &Ny &Opna Opna &som ... ...
Veldig mange av desse menyvala er felles for dei ulike programma, men er omsett med ulike snarvegtastar (til dels òg med ulike tekstomsettingar). Me bør klara å få konsekvens her, helst òg på tvers av målformene.
Eg kjem med ny melding seinare, når eg er ferdig med første- utkastet av dokumentet.
Fredag 30. juli 2004 11:02 skreiv Karl Ove Hufthammer:
snarvegtastane (er det det det heiter då?)
Tja, i det siste har me har prøvd å halda oss til det. Den engelske språkbruken er vel ikkje heilt konsekvent heller. Me har funne ut at det er naturleg at ein «snarvegstast» er ein snarveg til ein stad på skjermen, medan «snøggtastar/hurtigtastar» høyrer til dei meir abstrakte funksjonane som du ikkje nødvendigvis finn i skjermbiletet.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes