Eg skal korrekturlesa siste revisjon av omsetijnga av GNOME Display Manager, og Torstein som har gjort omsetjinga har gjort meg merksam på eit problem med X11-terminologi. I X11 er ”display“, ”screen“ og ”monitor” ikkje det same, men det er fort gjort å setja om alle til «skjerm» på norsk. Eg er ikkje sikker på om GDM brukar X11-terminologi i strengar brukaren ser, men er det nokon norske termar som kan brukast om så er tilfelle?