Karl Ove Hufthammer skreiv 07.07.2024 21:19:
OK. No er Git-depotet *endeleg* på nett: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok
Sjekk det ut med for eksempel denne kommandoen: git clone https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok.git
Depotet inneheld fellesordlista, andre ordlister og dei språklege retningslinjene våre, med fullstendig historikk tilbake til juli 2001.
Litt fleire tankar:
Eg synest me bør prøva å få til ein nettstad der me samlar ein del info om omsetjing av fri programvare til norsk. Mine første tankar om struktur/innhald:
– Forside med litt generell info om kven me er og sånt – Ulike ordlister (eks. fellesordlista) – Språklege retningslinjer (generelt dokument + ev. domenespesifikke) – Kontaktinfo (dvs. lenkje til denne e-postlista) – Teknisk info om omsetjing («oppskrifter» – bruk av programvare og verktøy) – Lenkjer til dei ulike norske omsetjingsprosjekta
Utdatert informasjon og vedlikehaldsbyrde er alltid eit problem. Det som står på nettstaden, bør derfor hovudsakleg vera tekst som ikkje lett går ut på dato. Meir «flyktig» info høyrer heime på eksterne/andres sider (som me godt kan lenkja til).
Tekniske ting: Er nok ein fordel å gå over til eit meir brukarvennleg redigeringsformat enn HTML, som me har brukt til no, og her høver Markdown godt. Enkelt å redigera for hand og kan lett konverterast til andre format (eks. HTML-nettsider).
Som rammeverk over det igjen har eg fått litt sansen for Quarto, som enkelt sagt er Markdown med noko attåt. Her får me mykje gratis, og me kan veldig lett generera ein komplett nettstad med navigering og sånt basert på Markdown-filer. Litt info:
https://quarto.org/ https://quarto.org/docs/websites/
For ordlistene har me til no brukt ulike format. Fellesordlista vår er for eksempel eit heilt vanleg HTML-dokument: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/blob/main/nb/Fellesordl.eng-no.html
Mens (den ganske utdaterte) oversikta over namn på land er eit meir maskinvennleg XML-dokument (som me *genererer* HTML- og PO-versjonar frå): https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/blob/main/kodar/land.xml?ref_type=h...
Synspunkt på kva format me ev. bør standardisera på? I Quarto-dokument kan me legga inn programmering, så eg trur det vil gå greitt å automatisk generera HTML-tabellar av (alle slags) maskinlesbare format.
Elles synspunkt på innhald, struktur, tekniske ting eller generelle tankar om noko av det eg nemner i denne e-posten?
Og er det nokon som har tid og lyst til å *gjera* litt arbeid her? Eg kan godt konvertera nokre av dei eksisterande dokumenta til Markdown (har testa med dei språklege retningslinjene, og det gjekk rimeleg greitt). Men det er jo avgrensa kor mykje tid eg har til alt anna, og til generelt vedlikehald.