Kjetil Torgrim Homme skreiv 12.05.2021 11:35:
Om eg kan spinna vidare på det kreative: eg tykte om forslaget “ordlim”, det gjekk i rett retning for meg, men eg skulle kanskje heller føreslå “ordbindar” - heile funksjonen er jo å binda (eller lima) i hop to ord.
"ordbindar" likar eg godt, har også nærmare parallell til det engelske uttrykket som er ein fin bonus.
Ja, eg òg likar «ordbindar». Alternativa «ordfuge» og «ordlim» er òg gode, men «ordbindar» har, som du skriv, ein god parrallell til det engelske uttrykket. Eit anna alternativ er «ord-bindeteikn».
Det finst nemleg òg nokre andre, liknande teikn i Unicode. I omsettinga mi av Qt har eg omsett «zero width joiner» til «bindeteikn med breidd null», «zero-width non-joiner» til «ikkjebind-teikn med breidd null» og «zero width space» til «mellomrom med breidd null».
Angåande forslaget om å spørja ein typograf, er ikkje det nødvendig. Det er her snakk om tekniske, *usynlege* teikn. Typografar bryr seg jo helst om teikn som er synlege. :)