Karl Ove Hufthammer wrote:
Fredag 19 oktober 2007 skreiv Herman Robak:
Du nevner «mønsterkart», noe som egentlig minner mer om «texture
Vell, det eigentlege forslaget var «biletpunktkart», med «mønsterkart» som ei avveksling. Er einig i at dette kanskje betre kan brukast om «texture map». («Teksturkart»?)
map». Bumpmaps brukes for å simulere ruglete overflate, så «ruglekart» ville være i riktig gate. Men er det innlysende hva et ruglekart er for noe?
Ja, det er like innlysande som kva «bumpmap» er på engelsk. Eg synest «ruglekart» er ei brukbar omsetting.
Merknad: 1. Forslag til det å *bruke* «bump map» (namnet på filteret) utanom «biletpunktkopling». Kanskje kan Axels «simulerte forsypninger/ujevnheter» eller «ujevn overflate/overflatestruktur» passe her. 2. Forslag til namn på *kartet*: Opphavleg forslag: «biletpunktkart». Herman Robak: «ruglekart», støtta av Karl Ove Hufthammer. Har sans for ruglekartet, men kva skal vi i så fall kalle filteret og prosessen. «Ruglefilter», «rugling»? For å auke forvirringa: Ruglene treng på ingen måte vere ujamne og tilfeldige. Det går fint å bruke t.d. eit portrett som kart og få ei skulpturliknande avbilding, eller å lage 3D-tekstar.
Har lagt ut hjelpsida (førebels med mine namneforslag) på http://home.online.no/~kol-stue/temp/bump-map.html. Ikkje alle forslaga mine til namn på innstillingar er heilt gode, men er nokså direkte omsett frå engelsk. Sjølvsagt er eg open for nye forslag. (Hjelp for GIMP kan lastast ned frå http://docs.gimp.org/. Endringane vi er samde om kjem inn der etter kvart. Trass alt er det noen hundre sider og bilde som må endrast.)
Er det semje om å bruke «avbildingsfilter» som namn på filtergruppa? Helsing Kolbjørn