Tony Earnshaw tonni@billy.demon.nl writes:
'./setup -net' ser: «glibc version: 2.2.4» ser: «/tmp/sv001.tmp/setup.bin: error while loading sharedlibraries: libstlport_gcc_3.0.so.4.5: cannot open shared object file: No such file or directory»;
Det samstavast - det finst ikkje noko bibliotek som heiter det, vel er det eit bibliotek hjå 1.0.0 som heiter «libstlport_gcc.so» og som må vera med i denne versjonen (kjelde setup.ins).
Det var det eg kanskje tenkte. Dette biblioteket finst som eigen pakke frå dei som utviklar Debian-pakkane av OpenOffice.org.
3: Kva eg sjølv har funni ut, er at installasjonen ikkje er testa i førevegen, på ikkje-Debian Linux; d.v.s. ikkje på Red Hat, ikkje på Mandrake, ikkje på SuSE o.s.b., o.s.b.;
Heilt rett. Den generelle Linux-pakken er berre eit biprodukt frå laginga av Debian-pakken. Eg veit ikkje kva for akrobatikk som krevst for å få den libstlport-saken på plass, men det bør vera alt som trengst. Innsatsen vår er førebels konsentrert om Debian og Windows. Andre får anten klara seg sjølv, eller venta til omsetjinga er ferdig og kjem med i OpenOffice.org sentralt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes