* Keld Jørn Simonsen (14.02.2008 11:53):
Jeg tror matematikere har bruk for mange greske tegn, ikke bare my og pi.
Eigenleg burde den dumme AltGr-tasten vore AltGresk slik at ein kunne skriva alle greske teikn like lett.
Eg har i årevis drive og fikla med tastaturoppsettet mitt og prøvd eit utal ulike variantar. Eg hatar AltGr-kombinasjonane for ASCII teikna i det norske utlegget ( ~@${[]} ), men har ikkje funne eit alternativ eg er nøgd med. Ved å riva ¨¤§ vekk frå sine priviligerte plassar får me plass til ~@$, men klammeparentesane får ikkje koma inn i varmen. Tastaturet vårt manglar to tastar.
ASCII-teikna trengst i dei fleste programmeringsspråk, og når ein fyrst programmerer brukar ein dei mykje oftare enn ein jurist brukar §. Diakritiske teikn brukar ein heller ikkje så mykje at compose-sekvensar er for tunge. Eg skriv no vanlegvis "og" i staden for "òg" for å ikkje øydeleggja flyten i skrivinga. Hadde AltGr vore på venstre hand kunne AltGr+o vore eit alternativ, men eg nektar å ty til "akkordar" for å skriva vanlege teikn.
Det kompliserer saka endå meir at eg brukar Linux heime og Windows på arbeid. Microsoft kom til slutt med sin Keyboard Layout Creator, men den kan ikkje hjelpa meg med compose-sekvensar eller å flytja AltGr-tasten til rett plass.
Det er best å ikkje tenkja på det. Det fører berre til bortkasta kveldar og overproduksjon av stresshormon. Grrr!
Erik