Eg ser det samiske tastaturoppsettet har nokre tastebindingar det hadde vore fint å hatt på norsk òg:
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] };
Ein kan altso skriva ellipsen (…) med «Alt Gr + .» og tankestrek med «Alt Gr + -». Dette er begge teikn som me brukar på norsk, og som ikkje er tilgjengelig med det vanlige norske tastaturoppsettet.
Nokon som veit korleis ein går fram for å få endra det offisielle norske tastaturoppsettet (/usr/share/X11/xkb/symbols/no)?
Er det eventuelt andre teikn det hadde vore fint å få tastebindingar for i same slengen? Kanskje “”‘’? På kva tastar bør desse eventuelt ligga?
Sunday, November 25. b. 2007 16:01:04 čálii Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det samiske tastaturoppsettet har nokre tastebindingar det hadde vore fint å hatt på norsk òg:
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] };
Ein kan altso skriva ellipsen (…) med «Alt Gr + .» og tankestrek med «Alt Gr + -». Dette er begge teikn som me brukar på norsk, og som ikkje er tilgjengelig med det vanlige norske tastaturoppsettet.
Nokon som veit korleis ein går fram for å få endra det offisielle norske tastaturoppsettet (/usr/share/X11/xkb/symbols/no)?
Det beste er nok å sende en patch til: https://bugs.freedesktop.org/
http://www.x.org/wiki/#head-c83e27a52008701dece8cc119828e9ccba921e7c sier: Use the xorg product in the freedesktop bugzilla to report bugs against X.Org. (Gnome's bugzilla suggestions are well worth looking over if you are new to reporting bugs with systems like bugzilla.)
mvh,
Sundag 25. november 2007 skreiv Børre Gaup:
Eg ser det samiske tastaturoppsettet har nokre tastebindingar det hadde vore fint å hatt på norsk òg:
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] };
Ein kan altso skriva ellipsen (…) med «Alt Gr + .» og tankestrek med «Alt Gr + -». Dette er begge teikn som me brukar på norsk, og som ikkje er tilgjengelig med det vanlige norske tastaturoppsettet.
Det er fleire teikn det kunne vore fint å hatt tilgjengelig:
™ (Shift + AltGr + R) π (kor? µ ligg på «AltGr + M», men «AltGr + P» er opptatt)
Eg hadde tenkt å legga til “” og ‘’, men so oppdaga eg til mi glede at desse alt er tilgjengelige på «AltGr (+ Shift) + V/B». :-D På tide eg fant ut det; eg brukar teikna ofte.
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Elles bør me ha − (minusteikn) tilgjengelig. Kan på «Shift + -» på det numeriske tastaturet? (Men kva er koden for dette?). Dei andre rekneoperatorane +×· og ÷ er alt tilgjengelige.
Treng altso forslag til kor π kan leggast, samt koden for «-» på det numeriske tastaturet.
Nokon andre som har teikn de av og til brukar (treng ikkje vera ofte), og som hadde vore fint å hatt tilgjengelig på tastaturet?
On Wed, 2008-02-13 at 19:33 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Det er fleire teikn det kunne vore fint å hatt tilgjengelig:
™ (Shift + AltGr + R) π (kor? µ ligg på «AltGr + M», men «AltGr + P» er opptatt)
Eg hadde tenkt å legga til “” og ‘’, men so oppdaga eg til mi glede at desse alt er tilgjengelige på «AltGr (+ Shift) + V/B». :-D På tide eg fant ut det; eg brukar teikna ofte.
er det ikkje betre å bruke Compose-sekvensar til slikt? eg har µ på Compose+m+u i XTerm, t.d.
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Compose+%+. verkar meir naturleg for meg. (¢ er sjølvsagt Compose+c+|.)
må innrømme at eg ikkje kan XKB, så eg veit ikkje korleis ein får lagt inn nye Compose-sekvensar.
Onsdag 13. februar 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
™ (Shift + AltGr + R) π (kor? µ ligg på «AltGr + M», men «AltGr + P» er opptatt)
Eg hadde tenkt å legga til “” og ‘’, men so oppdaga eg til mi glede at desse alt er tilgjengelige på «AltGr (+ Shift) + V/B». :-D På tide eg fant ut det; eg brukar teikna ofte.
er det ikkje betre å bruke Compose-sekvensar til slikt?
Om det er betre eller ikkje, veit eg ikkje. Eg er ikkje van med å bruka Compose-sekvensar.
eg har µ på Compose+m+u i XTerm, t.d.
Du misforsto (kanskje). µ *finst* alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men π finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Compose+%+. verkar meir naturleg for meg. (¢ er sjølvsagt Compose+c+|.)
Compose-sekvensar som innebærer «Shift»-tasten synest eg er ganske ubehagelig å bruka …
On Wed, Feb 13, 2008 at 08:07:57PM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Du misforsto (kanskje). µ *finst* alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men ?? finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
Hmm, jeg sjkønner ikke hvilket tegn du skriver om. Kan du skrive det litt mer tydelig (latin1)
Hilsen keld
Keld Jørn Simonsen:
Du misforsto (kanskje). µ finst alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men ?? finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
Hmm, jeg sjkønner ikke hvilket tegn du skriver om. Kan du skrive det litt mer tydelig (latin1)
Veldig pussig at e-postprogrammet ditt kan visa µ men ikkje π, då dei begge er del av same alfabet. Det er snakk om den greske bokstaven (eller matematiske konstanten) pi: http://en.wikipedia.org/wiki/Pi
On Thu, Feb 14, 2008 at 10:02:35AM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Keld Jørn Simonsen:
Du misforsto (kanskje). µ finst alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men ?? finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
Hmm, jeg sjkønner ikke hvilket tegn du skriver om. Kan du skrive det litt mer tydelig (latin1)
Veldig pussig at e-postprogrammet ditt kan visa µ men ikkje ??, då dei begge er del av same alfabet. Det er snakk om den greske bokstaven (eller matematiske konstanten) pi: http://en.wikipedia.org/wiki/Pi
Det er iso-8859-1 / iso-8859-15 der har µ med, som eneste greske tegn. Ja, det er underlig. Men det er kansje fordi µ er en del av SI.
Jeg tror matematikere har bruk for mange greske tegn, ikke bare my og pi.
Hilsen keld
* Keld Jørn Simonsen (14.02.2008 11:53):
Jeg tror matematikere har bruk for mange greske tegn, ikke bare my og pi.
Eigenleg burde den dumme AltGr-tasten vore AltGresk slik at ein kunne skriva alle greske teikn like lett.
Eg har i årevis drive og fikla med tastaturoppsettet mitt og prøvd eit utal ulike variantar. Eg hatar AltGr-kombinasjonane for ASCII teikna i det norske utlegget ( ~@${[]} ), men har ikkje funne eit alternativ eg er nøgd med. Ved å riva ¨¤§ vekk frå sine priviligerte plassar får me plass til ~@$, men klammeparentesane får ikkje koma inn i varmen. Tastaturet vårt manglar to tastar.
ASCII-teikna trengst i dei fleste programmeringsspråk, og når ein fyrst programmerer brukar ein dei mykje oftare enn ein jurist brukar §. Diakritiske teikn brukar ein heller ikkje så mykje at compose-sekvensar er for tunge. Eg skriv no vanlegvis "og" i staden for "òg" for å ikkje øydeleggja flyten i skrivinga. Hadde AltGr vore på venstre hand kunne AltGr+o vore eit alternativ, men eg nektar å ty til "akkordar" for å skriva vanlege teikn.
Det kompliserer saka endå meir at eg brukar Linux heime og Windows på arbeid. Microsoft kom til slutt med sin Keyboard Layout Creator, men den kan ikkje hjelpa meg med compose-sekvensar eller å flytja AltGr-tasten til rett plass.
Det er best å ikkje tenkja på det. Det fører berre til bortkasta kveldar og overproduksjon av stresshormon. Grrr!
Erik
2008/2/14, Erik Haugan erik@haugan.no:
ASCII-teikna trengst i dei fleste programmeringsspråk, og når ein fyrst programmerer brukar ein dei mykje oftare enn ein jurist brukar §. Diakritiske teikn brukar ein heller ikkje så mykje at compose-sekvensar er for tunge. Eg skriv no vanlegvis "og" i staden for "òg" for å ikkje øydeleggja flyten i skrivinga. Hadde AltGr vore på venstre hand kunne AltGr+o vore eit alternativ, men eg nektar å ty til "akkordar" for å skriva vanlege teikn.
Eg har blitt veldig glad i double-mode til emacs. Ikkje for å byrje nokon emacs-rant her, men i tilfelle det finst nokon på lista som nyttar emacs og ikkje liker tastaturet sitt så har eg eit tips:
M-x customize-group RET double
Der finst verdien Double Map. Eg skriv for tida ein del notat i logikk, og då har eg rett og slett lagt inn verdiar som t.d.
Key: E Once: E Twice: ∃
(Twice er bakvendt E, eksistenskvantor, for dei som ikkje klarer å lese eposten.)
Når eg entrer double-mode (ein minor-mode) og skriv tastesekvensen "EE" i emacs blir han plutselig omforma til eksistenskvantor. Men merk at det òg er mogleg å endre Once, dvs. du kan gjere dette:
Key: 8 Once: [ Twice: 8
...og dermed unngå RSI. (Du kan heilt sikkert gjere masse gøy med xmodmap og compose og nye keyboards osb., dette var bare eit lite raskt tips for eventuelle emacs-brukarar.)
Det kompliserer saka endå meir at eg brukar Linux heime og Windows på arbeid.
(defun .macp () (equal system-type 'darwin))
(if (.macp) (setq double-map (list (char string string) ...)) ;; hjemme (setq double-map (list (char2 string2 string2) ...))) ;; jobb
Mvh, Kevin Brubeck Unhammer
* Kevin Brubeck Unhammer (14. feb 2008 17:18):
Eg har blitt veldig glad i double-mode til emacs. Ikkje for å byrje nokon emacs-rant her, men i tilfelle det finst nokon på lista som nyttar emacs og ikkje liker tastaturet sitt så har eg eit tips:
Emacs er superbra og supersær. Ein periode let eg Firefox og Thunderbird bruka emacs key-bindings. Problemet var at når eg kom til applikasjonar eller maskiner utan dette oppsettet og eg ville gå ei line ned og trykte ctrl-N så opna eg eit nytt dokument i staden. Eller eg ville til ein line opp og fekk opp utskriftsvindauga. Double-mode er sikkert brillefint, men eg vil ha noko som fungerer overalt.
Eg har ein hemmeleg draum om at ein dag skal kvar mann kunna ha sitt eige tastaturutlegg med seg i lomma og alle maskiner og alle applikasjonar skal respektera det. Ikkje berre skal eg velja korleis eg får fram ulike teikn, men eg vil sjølv kunna velja tastekombinasjonar for formatering, navigering, lagring, utskrift, volumkontroll og kva det no måtte vera. Og om eg vil bruka røyst- eller handskriftattkjenning, eller tryllestav for den del, skal eg kunna gjera det og utan at applikasjonane treng å vita noko om det. Det er ikkje ein gong vanskeleg å få til, alt som trengst er eit abstraksjonslag mellom inneining og applikasjon/OS. Den reelle utfordringa er å forenkla alle applikasjonane ved å fjerna all inneiningspesifik kode. Sukk...
Erik
On Wed, 2008-02-13 at 20:07 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Onsdag 13. februar 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
er det ikkje betre å bruke Compose-sekvensar til slikt?
Om det er betre eller ikkje, veit eg ikkje. Eg er ikkje van med å bruka Compose-sekvensar.
eg synest det er betre sidan det er lettare å hugse sekvensane.
eg har µ på Compose+m+u i XTerm, t.d.
Du misforsto (kanskje).
nei.
µ *finst* alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men π finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
sjølv om eg har µ på AltGr + M, synest eg altså det er enklare å trykkje <Compose> <m> <u>.
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Compose+%+. verkar meir naturleg for meg. (¢ er sjølvsagt Compose+c+|.)
Compose-sekvensar som innebærer «Shift»-tasten synest eg er ganske ubehagelig å bruka …
du veit at det er snakk om tre tastetrykk i sekvens? fyrst Compose, så dei to teikna. ofte er rekkefylgja på dei to andre teikna valfri, så t.d. vil både <Compose> <L> <-> og <Compose> <-> <L> lage eit pundteikn. du kan finne definisjonane X brukar i
/usr/share/X11/locale/${LC_ALL-${LC_CTYPE-${LANG}}}/Compose
endringar vil ikkje ha effekt før etter omstart av X. forresten såg eg no at promilleteiknet er tilgjengeleg på <Compose> <%> <o>.
KDE brukar dei same definisjonane som X, men GNOME brukar i utgangspunktet ein gammal tabell som er *kompilert* inn i gtk-biblioteket (fila heiter gtk/gtkimcontextsimple.c for dei som er interessert). det vil derfor ikkje vere heilt samsvar mellom kva sekvensar som fungerer i ulike program. for å fikse dette, kan du setje omgjevnadsvariabelen GTK_IM_MODULE=xim før du startar opp GNOME -- då vil GNOME bruke standard X Input Method.
On Thu, 2008-02-14 at 16:52 +0100, Kjetil Torgrim Homme wrote:
du kan finne definisjonane X brukar i
/usr/share/X11/locale/${LC_ALL-${LC_CTYPE-${LANG}}}/Compose
endringar vil ikkje ha effekt før etter omstart av X.
dette er reinspikka tull, det har effekt for nye program. du kan også ta ein kopi av fila til ~/.XCompose og leggje til det du vil. t.d.
<Multi_key> <p> <i> : "π" # GREEK SMALL LETTER PI