to. den 23. 05. 2013 klokka 17.04 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Fekk ut fila forslag.txt med forslag til forbetringar. Vist direkte på skjermen, dvs. utan "> forslag.txt", fekk eg ut forslag i fleire fargar. Lett å fine fram i.
På Linux er det endå enklare, for der kan programmet opna dei aktuelle tekstane i omsettingsprogrammet Lokalize automatisk.
Korleis får eg ut ei liste over alternative kommandoar? Reknar med at det finst andre alternativ enn "--skip-obsolete check-rules".
Vel, få som du har bruk. «posieve» er eit verktøy for å gjera mange ulike operasjonar på .po-filer. Du kan prøva «posieve --help» og «posieve --list-sieve-names». Eg likar «posieve stats», då denne gjev statistikk på ord- og teiknnivå i tillegg til på meldingsnivå. «posieve find-messages» kan òg vera nyttig, då denne støttar regulære uttrykk.
Men det er altså «check-rules»-delen me brukar for finna språkfeil. Denne får du info om med «posieve check-rules -H». Det mest aktuelle her er vel «-saccel:». LibreOffice-filene brukar vel eit anna teikn («~»?) enn standard («&») for snøggtastar.