Då kjem eg eg med 'protest'. «The notebook bar is a new form of displaying commands icons for a quicker usage» https://help.libreoffice.org/Common/Using_the_notebook_bar/nb
Det høyrest ut som om det er 'note(book)' som skal få brukaren til å forstå kva slag 'bar' det er snakk om: notatrad, skriveverkty(rad), mm.,
Eg synest ikkje '-band' gjev meg noko forståing av kva slag 'verkty' ein finn i denne (verkty)rada.
Andre nemnde 'symbolliste': Kvifor ikkje 'verktyliste'? Som brukarar er me vane med at lister skifter innhald. Og det høver med 'notebookbar': «displaying contextual groups of commands and contents».
Leif Halvard Silli
On 18 Jan 2019, at 15:54, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Nå har eg brukt «verktøyband» som oversetjing for "notebar"/"notebookbar"/"notebook bar". Endringane vil vonleg kome med i neste oppdatering av LibreOffice. Skulle det bli protestar på dette, er det råd å gjere valet omatt. Helsing Kolbjørn
Den 17.01.2019 13:28, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Ja, "verktøyband" kling bra for meg. Eg tykkje Microsoft sitt "band" blir litt for diffust her. Er også einig i at "symbolliste", "symbolband" (evt. "ikon…") kan vere på kanten her. Det er jo ikkje symbola/ikona som er det viktigaste. Eg må gå gjennom hjelp for Libreoffice og sjå korleis "notebar"/"notebookbar"/"notebook bar" er brukt i ulike samanhengar og vurdere omsetjinga i høve til dette. Truleg ender eg opp med "verktøyband" dersom det ikkje kjem innvendingar mot dette. Kanskje noko for Fellesordlista, dersom ho er aktiv? Takk for all hjelp. Helsing Kolbjørn
Den 16.01.2019 23:34, skreiv Kjetil Kilhavn:
Jeg støtter Kjetil sitt forslag: Verktøyband :-P
Den 16.01.2019 15:12, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ty. den 15. 01. 2019 klokka 23.43 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Eg ser at "notebar" i LibreOffice er omsett til notisblokk, notisbok, notatblokk og liknande på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Dette er nokså misvisande, men forståeleg «feil» ut frå opphavsordet.
du meiner "notebook bar".
"https://help.libreoffice.org/Common/Using_the_notebook_bar/nb"
"Notebar" er ei menyliste eller verktøyliste der ulike funksjonar og kommandoar er samla i grupper øvst på skjermen, stort sett med ulike symbol (ikon) i staden for tekst for dei ulike handlingane.
På tysk har dei i dei fleste tilfella brukt «Symbolliste». Etter mi meining eit betre ord. (Sidan eg helst bruker «symbol» i staden for «ikon» i slike samanhengar, ser eg bort frå «ikonliste»). Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker. Eg trur det er det same som Microsoft kallar "ribbon", som dei har omsett med «band» og med denne forklaringa: "The part of the Microsoft Office user interface above the main work area that presents commands and options to the user. The Ribbon replaced menus and toolbars starting in the 2007 Microsoft Office system."
Nokre meiningar?
eg synest generelt det er best å følge terminologien til Microsoft med mindre den er heilt frykteleg. "band" er OK etter mitt syn, eg kjem ikkje på noko betre. synest å blande "symbol" inn i dette er svært uheldig. ein må snakke om funksjonen, ikkje utsjånad.
eitt alternativ kunne vere "oppgåveoversikt", sidan dette bandet har fleire faner for ulike oppgåver, men det kan fort vere uheldig bruk av omgrep i ein programvaresuite som kan omfatte prosjektstyring og "tasks". "verktøyband" er kanskje meir forklarande enn berre "band"? eg stemmer for "band" eller "verktøyband".
--
venleg helsing, Kjetil T.
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no