Torsdag 02 november 2006 11:44 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
I utgangspunktet hentar me frå «trunk» berre det som ikkje finst i «stable». Eg har no lagt inn støtte for å overstyra dette for enkeltfiler.
Amarok er litt spesiell, då omsettingar *vanligvis* vert henta frå Trunk, men det kan forekomma tilfelle der dei hentar dei frå *stable* i staden for (for eksempel når arbeidet på Amarok 2.0 tek til, og nye utgjevingar midlertidig vert henta frå 1.x mens 2.0 blir stabilisert).
Det beste ville derfor vore å ha ei eiga trunk-mappa i Skulelinux-òg.
Kor ofte vert omsettingane synkroniserte med KDE, forresten? Spesielt for trunk-omsettingar, som ikkje følgjer KDEs utgjevingar, burde det vore ofte. (Amarok er for eksempel notorisk for å setta altfor korte fristar for omsettarane.)