God idé. Første tidsfrist er neste laurdag (27. november), når KDE 3.3.2 skal vera ferdig. Dette er som vanleg berre eit ørlite versjonssteg, med feilfiksing og nye omsetjingar, men ingen nye funksjonar. Me kan nok rekna med at det vil koma ein KDE 3.3.3 før versjon 3.4 som førebels er planlagd til mars.
Apropos. No er det ganske lenge sidan eg omsette Konqueror-handboka, men eg har framleis til gode å finna henne att på nokon linux-maskinar. Er det noko problem med dokumentasjonsomsetjinga?