On Sun, 2021-03-28 at 17:13 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Når det er sagt, så er eg einig med deg. Eg prøver meg med:
Du kan trykkja på ein komponent og så på dreieknappane for å dreia på han eller på informasjonsknappen for å lesa meir om han.Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg.
Dette er kanskje i overkant pirkete men...
Eg synest du bør gjenta "trykkja" ("eller trykkja på") for å gjere dette meir lettlest. Synest også du kan droppe den siste "om han" sidan det fort peikar tilbake på feil "han", og uansett følest overflødig.
Kan dessverre ikkje hjelpe med resten.