Torsdag 29 august 2002 18:01 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200208291439.34102.gaute@verdsveven.com:
Det eg meinte var om tastar med berre symbol skal få norske namn, medan dei med påtrykt engelsk namn skal behalda det engelske?
Viss eg misforsto i stad, forstår eg iallfall ikkje no. Kva tastar tenker du på?
Dersom «Backspace» (alltid symbol) får norsk namn, medan «Caps Lock» (alltid tekst) har engelsk namn, verkar det kanskje inkonsekvent?
Eg kjenner ikkje til Notis-tastatur, men ta dei gjerne med. (Sjølv om eg tvilar sterkt på at det finst programdokumentasjon i Linux som refererer til tastane.) Forresten, det var vel ikkje desse tastatura med ekle, flate oransje og gule tastar?
Ekle? Du må i så fall meina fargen, for tastatura er supre ;-) (Berre synd Linux ikkje skjønar ekstratastane utan kjernefikling og slikt styr.)
«Programtast», hevdar den hjelpesida eg såg på i Windows XP.
Kva står det i hjelpeteksten.
Det stod eit kort avsnitt som nemnte Programtasten og Windows-tasten, begge med symbolet i parentes. I resten av hjelpeteksten vart stort sett symbola brukte (grusomt dårlege svart-kvitt-symbol, forresten).
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes