KDE 4.0 er rett rundt hjørnet, og det er på tide me konsentrerer oss fullstendig om omsetting av KDE 4.x.
Eg har derfor fjerna automatisk oppdatering og innsending av dei gamle «kde3-stable»- og «kde3-trunk»-mappene. All omsetting skal no altso skje i «kde4-trunk».
Det er ikkje heilt avklart sentralt korleis ei handtering av omsetting av KDE 4.0.x mot KDE 4.1 skal foregå. Eg kjem tilbake med meir informasjon når KDE-utviklarane har bestemt seg, men inntil vidare er det ingenting galt med å setta om filene i «kde4-trunk» i vårt SVN-arkiv, og omsettingane her kjem til å bli brukt i både KDE 4.0.x og KDE 4.1.