KDE 4.0 er rett rundt hjørnet, og det er på tide me konsentrerer oss fullstendig om omsetting av KDE 4.x.
Eg har derfor fjerna automatisk oppdatering og innsending av dei gamle «kde3-stable»- og «kde3-trunk»-mappene. All omsetting skal no altso skje i «kde4-trunk».
Det er ikkje heilt avklart sentralt korleis ei handtering av omsetting av KDE 4.0.x mot KDE 4.1 skal foregå. Eg kjem tilbake med meir informasjon når KDE-utviklarane har bestemt seg, men inntil vidare er det ingenting galt med å setta om filene i «kde4-trunk» i vårt SVN-arkiv, og omsettingane her kjem til å bli brukt i både KDE 4.0.x og KDE 4.1.
Mandag 7. januar 2008, skrev Karl Ove Hufthammer:
KDE 4.0 er rett rundt hjørnet, og det er på tide me konsentrerer oss fullstendig om omsetting av KDE 4.x.
Jeg støtter at man konsentrerer seg fullstendig om KDE 4.x. Men ...
KDE 3.5 blir fortsatt vedlikeholdt i mange år framover. Dette fordi større organisasjoner beholder sine system 3-7 år etter installasjon. Partnere og sentrale utviklere vil fortsette å vedlikeholde og til og med videreutvikle KDE 3.5-grenen.
KDE-leder Aaron J Seigo skriver på sin blogg:
The core KDE team will continue to concentrate it's work on KDE4 since that is the long term direction of things. It is fully expected that our partners (which include some KDE core team members as employees/members) will continue supporting and even developing on KDE3 issues.
Se full blogg-posting fra Aaron: http://aseigo.blogspot.com/2008/01/talking-bluntly.html
Beste hilsener
Knut Yrvin
Måndag 7. januar 2008 skreiv Knut Yrvin:
Jeg støtter at man konsentrerer seg fullstendig om KDE 4.x. Men ...
KDE 3.5 blir fortsatt vedlikeholdt i mange år framover.
Ja, og derfor har eg ikkje fjerna KDE 3-mappene frå SVN-lageret vårt. Om nokon skulle komma med viktig korrekturendringar (eller av ymse grunnar vil nyomsetta KDE 3-program), vil det ikkje vera noko problem for meg å få desse overført til KDE.
Men no bør me konsentrera oss om KDE 4. Er det forresten nokon her som har fått prøvd det nye omsettingsverktøyet der, Kaider?