Den 21.06.2016 20:22, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 20. juni 2016 14:14:
Versjon 5.2 av LibreOffice vil ta i bruk nokre nye formlar. Kva skal desse heite på norsk?
Tabell brukt i eksempla: Celle A1: Dette, A2: er, A3: ein, A4: tekst
CONCAT er ein litt endra versjon av CONCATENATE (KJEDA.SAMAN / KJEDE.SAMMEN). I Excel er CONCAT omsett med KJED.SAMMEN. Føreslår å bruke det same, altså KJED.SAMAN / KJED.SAMMEN.
Er einig (men hovudsakleg fordi Excel brukar det).
Amen
SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av indeksen. SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"fredag";7;"laurdag";"ingen treff") Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet "fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet "ingen treff".
Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.
Ja. Dei har vel Microsoft-folka forveksla *verbet* SWITCH (å byta/skifta (ut/mellom) noko) med substantivet (og då ein irrelevant variant av substantivet – det kan jo òg visa til *resulatet* av verbet, altso eit skifte / ei utbyting).
SWITCH er vel heller ikkje heilt intuitivt forståeleg på engelsk i denne samanhengen, men er godt innarbeidd i mange programmeringsspråk. Sjå det førre innlegget mitt.
Eit nærliggande ordet er jo BYT eller BYT.UT. Men det vert gjerne brukt i samanheng med utbyting av tekst. Eg trur eg heller vil føreslå VEKSLA. Ein vekslar inn nokre verdiar med det dei symboliserer (sjå ordbokdefinisjonen). Jf. òg substantivet VEKSEL (og ord som sluttar på «veksel»), som er eit alternativ.
BYT.UT() er i bruk nettopp slik du nemner: til å byta ut ein tekst med ein annan.
Mitt forslag er
VEKSLA
ev.
VEKSLA.INN
Sjølv om eg i første omgang tenker på pengar når eg ser ordet veksel, anten det er å veksla pengar eller ein veksel. Kan vel også dra inn sporvekslar? Men ved nærare ettertanke er forslaget ditt nokså logisk. Eit tal eller eit anna symbol blir veksla inn (byt ut) med det talet eller symbolet står for. Kva meiner andre?
Helsing Kolbjørn