Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no wrote in news:1r663szkpz.fsf@false.linpro.no:
For ordens skyld, det er ikkje feil å kalla f.eks. ISO-8859-1 eller ASCII for teiknsett, då dei er *både* teikndkodingar og teiknsett. Det er derimot feil å kalla ISO 10646-1 ei teiknkoding.
Då forstår eg ikkje kvifor du protesterer mot at "charset" vert omsett med "teiknsett".
'UTF-8' er ein lovlig verdi for parameteren 'charset', men 'UTF-8' er ei teiknkoding, og ikkje eit teiknsett.
For øvrig protesterer eg ikkje mot at 'charset' blir omsett til 'teiknsett', men eg protesterer mot at 'charset' blir omsett i det heile tatt. 'charset' er eit reint syntaktisk namn *utelukkande* brukt om 'charset'-parameteren til 'Content- Type'-headaren i HTTP (og andre protokollar). Å omsetja han er ikkje mulig (HTTP vil ikkje fungera) eller ønskjeleg.
Men å omsetja omgrepa 'Character Set' og 'Character Encoding' er både ønskjeleg og lurt. Desse bør omsetjast til hhv. teiknsett' og 'teiknkoding'.