On Wed, 2008-02-13 at 20:07 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Onsdag 13. februar 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
er det ikkje betre å bruke Compose-sekvensar til slikt?
Om det er betre eller ikkje, veit eg ikkje. Eg er ikkje van med å bruka Compose-sekvensar.
eg synest det er betre sidan det er lettare å hugse sekvensane.
eg har µ på Compose+m+u i XTerm, t.d.
Du misforsto (kanskje).
nei.
µ *finst* alt på «AltGr + M». Eg har òg sett norske tastatur der dette er nemnt på M-tasten. Men π finst ikkje, noko som er synd for norske matematikarar. :)
sjølv om eg har µ på AltGr + M, synest eg altså det er enklare å trykkje <Compose> <m> <u>.
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Compose+%+. verkar meir naturleg for meg. (¢ er sjølvsagt Compose+c+|.)
Compose-sekvensar som innebærer «Shift»-tasten synest eg er ganske ubehagelig å bruka …
du veit at det er snakk om tre tastetrykk i sekvens? fyrst Compose, så dei to teikna. ofte er rekkefylgja på dei to andre teikna valfri, så t.d. vil både <Compose> <L> <-> og <Compose> <-> <L> lage eit pundteikn. du kan finne definisjonane X brukar i
/usr/share/X11/locale/${LC_ALL-${LC_CTYPE-${LANG}}}/Compose
endringar vil ikkje ha effekt før etter omstart av X. forresten såg eg no at promilleteiknet er tilgjengeleg på <Compose> <%> <o>.
KDE brukar dei same definisjonane som X, men GNOME brukar i utgangspunktet ein gammal tabell som er *kompilert* inn i gtk-biblioteket (fila heiter gtk/gtkimcontextsimple.c for dei som er interessert). det vil derfor ikkje vere heilt samsvar mellom kva sekvensar som fungerer i ulike program. for å fikse dette, kan du setje omgjevnadsvariabelen GTK_IM_MODULE=xim før du startar opp GNOME -- då vil GNOME bruke standard X Input Method.