On lør, 2004-07-31 at 11:01 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv:
kva er gale med "spam"?
Det er eit unødvendig, uforståelig engelsk ord. Dette i motsetning til reklame.
reklame kjem frå fransk, spam kjem frå engelsk. eg ser ikkje den store skilnaden. "spam" som uteljeleg substantiv og "spamme" som verb er utan tvil godt etablert i norsk allereie, og dei lot seg lett integrere i det norske ordtilfanget. litt snodig at du seier ordet er unødvendig, når der ikkje finnest noka dekkjande omsetjing på norsk.