On Tuesday 04 November 2008 21:08:29 Eivind wrote:
Alt ser rett ut hos meg (KDE 4 Trunk), so som vanlig er det nok ei feilomsetting i Launchpad. Det har *veldig* lite for seg å bruka Kubuntu eller Ubuntu dersom du ønskjer Linux på (rett/bra) norsk.
Einig med alle talarar so langt. Eg har prøvd å gjera mitt i Launchpad, men gjekk lei, og difor er eg her i staden for.
Etter mitt syn bør me (og alle andre) leggje litt innsats i å få Ubuntu betre, fordi mange startar der ("Gentoo til deg og Ubuntu til bessmora di"). Det er gjerne der dei møter fri, nynorsk programvare for fyrste gong.
Eit kanskje dumt spørsmål: Kan me løyse problemet ved å omgå heile Launchpad, dvs. spreng-omsetja pakker oppstraums, før dei kjem so langt som til Launchpad? Det er eg i so fall med på!
Såvidt eg har forstått kan dette hjelpe noko, men det er visst også slik at importen til launchpad er treig (dårleg maskinvare visstnok), i tillegg til at omsetjingar i LP har ein tendens til å verte brukt i staden.
Mvh, Lars Ivar Igesund