Karl Ove Hufthammer skreiv karl@huftis.org:
I typisk «aggregeringsfunksjonalitet» i eit dataprogram vil det vanlegvis vera støtte for å rekna ut eit samandrag for kvar «gruppe» (verdiar av éin eller fleire variablar/kolonnar). I rekneark gjer ein dette gjennom pivotfunksjonalitet. Men AGGREGATE derimot gjer *ikkje* det ein (kanskje) ville forventa ut frå namnet (det må ein bruka pivotering til); det er berre ein rar måte å kalla andre samandragsfunksjonar (men med ikkje-standard handtering av spesialceller).
Jo, AGGREGATE gjer det du forventar, om du nyttar han på same måte som DELSUM i delsamandrag. Delsamandrag-funksjonen i Excel gjer nettopp slik aggregering, ved å gruppere radane og setje inn radar med DELSUM. Så vidt eg kan sjå, er AGGREGATE berre ein forbetra utgåve av DELSUM. Men lausrivne frå den konteksten, framstår både AGGREGATE og DELSUM litt rare.
I saka om namnevalet på (ny)norsk er eg (nesten) heilt samd med Karl Ove: SAMANDRAG er best. For å snu på det Kjetil skreiv, er det hipp som happ for ein som kan statistikk, men enklare for vanlege folk. (Men eg meiner AGGREGAT er minst like bra som AGGREGER. Det engelske namnet er òg like gjerne substantiv som verb.)
-Thomas Nygreen (ikkje statistikar, berre matematikar)