Torsdag 18 november 2004 20:25 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
Eg har synkronisert CVS-ane i kveld. KDE er vorten ganske streng på tekstendringar, så det er ikkje store endringar det er snakk om.
Eg oppdaga forresten at kdeextragear og kdenonbeta ikkje var oppdaterte på ei stund. Her ligg det program som følgjer sine eigne utgjevingsplanar, uavhengig av resten av KDE. Eg har no oppdatert desse modulane, og det er nok litt å ta tak i for dei som har arbeidd med omsetjingar her.
Eg minner om at desse modulane generelt er lågt prioriterte. Omsetjing av kdeextragear og kdenonbeta er bortimot bortkasta arbeid dersom ein ikkje har gode grunnar til å ta for seg enkeltprogram herifrå.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes