Hei! Er det nokon som har forslag til omsetjing av det engelske ordet ‘slug’ slik det er brukt av programmerarar?
Døme:
«Missing build number or pipeline slug»
Eg har spurt opphavsmannen om ikkje ID, string, tag el kunne fungera som synonym, men etter hans meining har dei alle ulik tyding frå «slug», og fungerer ikkje. Eg er for lite programmerar til å forstå bruken av ordet hjå slike fagfolk, men kanskje sume her på lista har gode forslag?
Ordet står ikkje i fellesordlisa.
Beste helsing Sjur