Takker for forslaga.
Fargeveljar / fargeplukkar er i bruk på eit pipetteverktøy for å plukke/hente farge frå bildet. Paint select klipper ikkje ut farge.
Verktøya lagar utval av meir eller mindre like fargar. Kor like dei må vere for å bli med, kan du bestemma på førehand. Tryllestaven lager utval av fargar som ligg nær kvarandre i bildet, medan «Vel etter farge» merkjer også fargar som ligg eit stykke frå kvarandre reint fysisk i bildet. Klikkar eg på bildet på f. eks. ein raudfarge med eit Paint select-verktøy, blir pikslane med nokolunde same raudfarge med i utvalet.
Førebels har eg brukt «fargemerkjar» ut frå tankegangen at dei merkjer fargane. Kanskje det blir det endelege resultatet?
Blei litt seint svar dette, men det finst eit liv utanom omsetjingane :-)
Helsing Kolbjørn
Den 15.01.2024 21:01, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
må. den 15. 01. 2024 klokka 19.18 (+0100) skreiv Petter Reinholdtsen:
[Kolbjørn Stuestøl]
Nokre forslag til kva "Paint select" bør/kan heite på norsk?
Hva med fargevelger?
den brukar ein vel til å velje farge. kva med farge-utklipp?