I GIMP er "Paint select tool" brukt som fellesnamn på verktøya "Fuzzy select" (på norsk «Tryllestaven») og "Select by color" («Vel etter farge»). Tryllestaven finn og merkjer (nokså like) samanhengande fargar medan «Vel etter farge» finn og merkjer liknande fargar som kan vere spreidde i bildet. Begge lagar eit eller fleire område av fargane dei finn.
Nokre forslag til kva "Paint select" bør/kan heite på norsk?
I ettermiddag er eg tom for brukbare idear.
Helsing Kolbjørn
[Kolbjørn Stuestøl]
Nokre forslag til kva "Paint select" bør/kan heite på norsk?
Hva med fargevelger?
Den 2024-01-15 17:58, skrev Kolbjørn Stuestøl:

Marker etter farge? (Ev. verktøy for fargemarkering)
Hilsen Axel
Takker for forslaga.
Fargeveljar / fargeplukkar er i bruk på eit pipetteverktøy for å plukke/hente farge frå bildet. Paint select klipper ikkje ut farge.
Verktøya lagar utval av meir eller mindre like fargar. Kor like dei må vere for å bli med, kan du bestemma på førehand. Tryllestaven lager utval av fargar som ligg nær kvarandre i bildet, medan «Vel etter farge» merkjer også fargar som ligg eit stykke frå kvarandre reint fysisk i bildet. Klikkar eg på bildet på f. eks. ein raudfarge med eit Paint select-verktøy, blir pikslane med nokolunde same raudfarge med i utvalet.
Førebels har eg brukt «fargemerkjar» ut frå tankegangen at dei merkjer fargane. Kanskje det blir det endelege resultatet?
Blei litt seint svar dette, men det finst eit liv utanom omsetjingane :-)
Helsing Kolbjørn
Den 15.01.2024 21:01, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
må. den 15. 01. 2024 klokka 19.18 (+0100) skreiv Petter Reinholdtsen:
[Kolbjørn Stuestøl]
Nokre forslag til kva "Paint select" bør/kan heite på norsk?
Hva med fargevelger?
den brukar ein vel til å velje farge. kva med farge-utklipp?