On Fri, Jul 21, 2006 at 10:52:27AM +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Fredag 21. juli 2006 10:25 skreiv Åsmund Skjæveland:
(Dette er i Ubuntu 6.06, så det er mogleg at feilen ikkje kjem frå Karl Ove, men frå ei tilfeldig vennleg, men ikkje heilt flink nok, sjel i Rosetta.)
Ja, feilen kjem ikkje frå meg. Eg ville aldri gjort slike omsettingsfeil!
Send meg ei oppdatert PO-fil, så skal eg dytta henne inn i Rosetta.
At enkeltdistribusjonar vel å øydelegga «omsettingane» slik i deira private utgåver får verta *deira* sak. Heldigvis, får eg vel seia, vert ikkje omsettingar gjort i Rosetta tilgjengelig for brukarar av andre distroar.
(Korleis oppdateringar vert handtert med dette hjernedaude omsettingssystemet deira veit eg ikkje. Er det slik at offisielle omsettingsoppdateringar ikkje vert brukt i Ubuntu?)
Offisielle omsetjingar av nye strengar vert brukt. Ubuntu sine omsetjingar overstyrer omsetjingar frå oppstraums. Ein artig konsekvens av dette er at når eg manuelt reparerer ei dårleg omsetjing så vert dei nye omsetjingane ståande i Ubuntu sjølv om eg seinare finn betre omsetjingar oppstraums.
Det som har skjedd er truleg at desse strengane i Amarok vart omsette i Ubuntu før du fekk dei inn i KDE-svn. Eg har opplevd det same med Sound-Juicer.