Thomas Gramstad via l10n-no skreiv 03.06.2026 22:36:
Elles bør nok alle medlemmar få ein (automatisk) e-post der dei aktivt må samtykka til å bli med over til den «nye» lista.
Jeg kan ikke se at det er nødvendig med et spesielt samtykke fra abonnentene for å bytte server, en info-melding burde holde. Iallfall hvis du fortsetter som listeadministrator (eventuelt en av flere).
OK. Då melder eg alle eksisterande medlemmar på utan at dei må stadfesta e-postadressa si på nytt.
Johnny A. Solbu var kjapp og har allereie oppretta den nye lista (og tilhøyrande liste for robotmeldingar). Eg har sjekka og tilpassa listeoppsettet, så alt skal eigentleg vera klart for overgangen no. De vil derfor *ganske snart* få ei automatisk melding om at de er påmelde denne nye lista.
Det tyder samtidig at dette truleg vert siste meldinga her på denne «gamle» lista. Eg vil straks slå på moderering, slik at ingen fleire meldingar kjem igjennom. Me sest på den nye lista!