* Kevin Brubeck Unhammer (14. feb 2008 17:18):
Eg har blitt veldig glad i double-mode til emacs. Ikkje for å byrje nokon emacs-rant her, men i tilfelle det finst nokon på lista som nyttar emacs og ikkje liker tastaturet sitt så har eg eit tips:
Emacs er superbra og supersær. Ein periode let eg Firefox og Thunderbird bruka emacs key-bindings. Problemet var at når eg kom til applikasjonar eller maskiner utan dette oppsettet og eg ville gå ei line ned og trykte ctrl-N så opna eg eit nytt dokument i staden. Eller eg ville til ein line opp og fekk opp utskriftsvindauga. Double-mode er sikkert brillefint, men eg vil ha noko som fungerer overalt.
Eg har ein hemmeleg draum om at ein dag skal kvar mann kunna ha sitt eige tastaturutlegg med seg i lomma og alle maskiner og alle applikasjonar skal respektera det. Ikkje berre skal eg velja korleis eg får fram ulike teikn, men eg vil sjølv kunna velja tastekombinasjonar for formatering, navigering, lagring, utskrift, volumkontroll og kva det no måtte vera. Og om eg vil bruka røyst- eller handskriftattkjenning, eller tryllestav for den del, skal eg kunna gjera det og utan at applikasjonane treng å vita noko om det. Det er ikkje ein gong vanskeleg å få til, alt som trengst er eit abstraksjonslag mellom inneining og applikasjon/OS. Den reelle utfordringa er å forenkla alle applikasjonane ved å fjerna all inneiningspesifik kode. Sukk...
Erik