Laurdag 28. september 2002 19:04 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200209281810.37454.gaute@verdsveven.com:
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Greitt. Eg har no oppdatert ein del av programma eg er ansvarlig for. Oppdaterer du retningslinjene?
Det var litt vanskeleg å finna ein naturleg plass til punktet, men eg trur det kan passa inn i eit avsnitt om «faste uttrykk». (Fyll gjerne på meir i det avsnittet!) Retningslinjene treng veldig ei innhaldsliste og kanskje full omstrukturering. Det er kanskje ei oppgåve for omsetjarsamlinga til helga?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes