Laurdag 4. august 2001 18:48 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
Eg har prøvd å setja opp ei liste over kva me bør ta tak i. Kom gjerne med fleire innspel.
Eit par av programma viste seg vanskelege å setja om (Tuxtype, 3D Planetarium, NoteEdit), men nokre er iallfall lagt inn i Skulelinux-CVS.
Slike 'småprogram' er samla i katalogen skolelinux/i18n/others/, med originalfilene i en/, bokmålsfiler i nb/ og nynorskfiler i nn/. Det som ligg her er det berre å gå i gang med.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes