Eg har prøvd å setja opp ei liste over kva me bør ta tak i. Kom gjerne med fleire innspel.
Litt av denne lista er basert på junirapporten til Høle skule <URL: http://www.hole.gs.rl.no/linux/rapport4.htm >, som nemner ein del program skulen brukar eller vurderer å ta i bruk.
Keuklid <URL: http://www.keuklid.de/ > Geometriprogram
KVoctrain <URL: http://kvoctrain.sourceforge.net/ > Glosetrening
Tuxtype <URL: http://www.geekcomix.com/dm/tuxtype/ > Rettskriving
3D Planetarium <URL: http://www.cli.di.unipi.it/%7Edemiche/3DPlanetarium.html > Astronomi
Noteedit <URL: http://rnvs.informatik.tu-chemnitz.de/%7Ejan/noteedit/noteedit.html > Komponering (musikk)
PHPNuke <URL: http://www.phpnuke.org/ > Programmet som ligg i botnen av t.d. <URL: http://www.skulelinux.no >.
Hjelpefiler i KDE Iallfall dei viktigaste programma bør ha omsette hjelpetekstar. (KOffice, Konqueror, KMail, KDE generelt, ...)
Systemverktøy i Skulelinux Installasjon og slikt bør kunna gjerast på nynorsk.
Brukarhandbøker/lærebøker for Skulelinux Får rekna med at dette kjem etter kvart.
Nettstadane til Skulelinux
I tillegg kjem alle dei prosjekta som alt er i gang; Mozilla, AbiWord, OpenOffice, KDE, ...
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Laurdag 4. august 2001 18:48 skreiv Gaute Hvoslef Kvalnes:
Eg har prøvd å setja opp ei liste over kva me bør ta tak i. Kom gjerne med fleire innspel.
Eit par av programma viste seg vanskelege å setja om (Tuxtype, 3D Planetarium, NoteEdit), men nokre er iallfall lagt inn i Skulelinux-CVS.
Slike 'småprogram' er samla i katalogen skolelinux/i18n/others/, med originalfilene i en/, bokmålsfiler i nb/ og nynorskfiler i nn/. Det som ligg her er det berre å gå i gang med.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
må 06 aug 2001 13:47:19, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Eit par av programma viste seg vanskelege å setja om (Tuxtype, 3D Planetarium, NoteEdit),
Eg har no prøvd TuxType, og det var ikkje noko dumt program. Program som lærer elevane å finna fram på tastaturet er *nyttige*.
TuxType *er* mulig å setja om, men all tekst er lagra som grafikk (med unntak av orda ein skal tasta inn). Eg skal sjå nærare på dette, og kjem tilbake med rapport seinare.
må 06 aug 2001 16:39:37, Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com:
TuxType *er* mulig å setja om, men all tekst er lagra som grafikk (med unntak av orda ein skal tasta inn). Eg skal sjå nærare på dette, og kjem tilbake med rapport seinare.
Ja, det ser ut til at eventuell ei omsetjing til norsk vil gå bra. Det einaste problemet er at me ikkje kan ha med orda som inneheld æ, ø eller å ...
Er det forresten nokon som veit kva skrift som er brukt i spelet? (Men det er ikkje nødvendig å bruka same skrift. Den franske språkpakken gjer det ikkje.)