Sundag 25. november 2001 20:23 skreiv Karl Ove Hufthammer:
2001-11-23 18:50:35, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Av og til er funksjonsnamn utforma som særnamn. Det klarar me oss utan på norsk.
Har du eit døme?
Eigentlig ikkje. Eg har sett det i ein del program, men eg kjem ikkje på noko eksempel akkurat no. Men eg kan gje eit tenkt eksempel: Ein stavekontrollfunksjon som utviklarane har gitt namnet/menyvalet 'SpellFix?'.
Huff, slikt bør jo kastast ut frå originalen òg. Me ser litt av det same i KDE, der utviklarane ikkje heilt skjønar kvifor omsetjarane vil setja om 'KControl' og 'KHelpCenter'. Desse er for så vidt programnamn, men først og framst namn på viktige funksjonar i KDE.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes