On tir, 2004-08-17 at 12:18 -0400, Karl Ove Hufthammer wrote:
Frå ein eller annan plass dukka omsettinga «kontrollpunkt» av «node handles» opp. Og synest ho er knakande god. Ordet er òg brukt i fagmiljøa, jf. "http://realfag.uib.no/fag/2002v/I291/forelesning/F16_KurverOgOverflater.pdf".
Eg har tidligare brukt «(node)handtak», men synest «kontrollpunkt» er betre.
eg reknar med at du meiner dei to punkta du kan dra i for å justere ei Bezier-kurve (andre typar kurvar har kanskje færre eller fleire punkt). eg meiner å ha sett "control point" eller noko svært liknande på engelsk også. "node handles" sa meg ingenting.
Greitt at eg legg dette inn i fellesordlista?
eg synest det verkar fornuftig. evt. "(kurve)kontrollpunkt".