Øystein Steffensen-Alværvik skreiv 09.02.2022 10:46:
Når det gjeld NRK-artikkelen, er det synd at dei ikkje har fått til å bruke Microsoft Office på nynorsk. Windows 10/11 kjem jo med støtte for nynorsk, og etter mi erfaring er ein god del omsett (dei er litt lite konsekvente i omsettinga, men det får vere). Det tragiske er at nynorsk ikkje er eit val ved installering av Windows, og at ein må laste ned ein separat språkpakke etter installering.
I nyare Windows er vel ikkje dette lenger nødvendig? Eg kunne iallfall lett byta til nynorsk Windows 10 på jobben utan å gjera noko slikt, og utan administratortilgang. (Men i gamle Windows 7 måtte IKT-avdelinga lasta ned ein separat språkpakke, og det same gjaldt Office iallfall ≤ versjon 2016.) Eg har ikkje Windows privat, så eg kan ikkje testa dette.
Kvaliteten på nynorskomsettinga er så som så. I sjølve Windows er han stort sett grei, men i MS Teams er det veldig mange heilt elementære skrivefeil (omsetjarane kan ikkje eingong bøya substantivet «møte» rett!) og inkonsistent språk. For å ta emnet tilbake til temaet for denne lista, så vil eg hevda at fri programvare på nynorsk stort sett er betre, òg språkleg. :)