I tillegg til den vanlege utklippstavla, har LibreOffice også ein funksjon der du merker ein tekst og deretter flytter markøren til ein ny stad og klikkar med den midtre museknappen. Den merkte teksten vil bli kopiert til der markøren er sett. Dette er heilt uavhegig av den vanlege utklippstavla.
I UI er dette kalla Clipboard/utklippstavle (en, nn). I handboka (engelsk) er funksjonen kalla "Selection clipboard". Eg har drista meg til å endre dette i nynorskversjonen til «utvalstavle» også i UI. (Blir vel ikkje synleg før neste oppgradering). Dette for å halde dei to tavlene frå kvarandre.
(Ligg i fila cui/source/options.po: msgid "Paste clipboard" msgstr "Lim inn frå utklippstavla")
Innstillinga ligg i /Verktøy -> Innstillingar -> LibreOffice -> Vis/
Helsing Kolbjørn Stuestøl